Bellestugu

Trå inn i ei annan tid – toppa med moderne komfort.

Bellestugu er eit vakkert, historisk våningshus frå ein av nabogardene våre på Lesja. Restaurert og sett opp som del av tunet på Brendjordsbyen i 2021 – og laftekransen passa akkurat på steinmuren som sto i tunet frå før.

Oppdekket spisestue foran opptent peis i Bellestugu på Brendjordsbyen på Lesja
Foto: Augeblikk studio

Leige av Bellestugu gir eksklusiv tilgang til heile bygget for inntil 12 gjestar fordelt på fire soverom, ni senger og tre bad.

Fyrste etasje:

Kammerset har dobbeltseng og stort bad med dusj (via ein liten rusletur gjennom kjøkenet)

  • Kammers er frå gamalt av nyta om eit lite rom i bustad, oftest soverom eller kove. Eit spiskammers vart nytta for å oppbevare mat. Kammers er gjerne knytt til noko privat, eit rom ein har for seg sjølv – jamfør uttrykket «på kammerset»

Jomfruburet finn du via trapp opp bak peisen. Her er det fire romslege enkeltsenger fordelt på over- og underkøyer. Eige bad med dusj.

  • Jomfruburet var i middelalderen ein bygning eller rom der familien sine unge, ugifte kvinner held seg. Endinga «bur» har ingenting med gitter, lås og slå å gjere. Grunntydinga er «bustad», og bur har historisk vore nytta om oppbevaringshus for mat og klede. I Noreg vart jomfrubur ofte nytta om den delen av loftet som om sommaren tende som soverom på gardane. Ofte sov dei ugifte jentene der. I dag blir ordet spøkefullt nytta om eit ungpikeværelse.
Oppredd seng, klar for gjester hos Brendjordsbyen på Lesja.
Foto: Augeblikk studio

Andre etasje:

Det historiske rommet har dobbeltseng og fascinerande utsmykking: Her har tidlegare eigarar rissa observasjonar om vér og vind attende til 1800-talet inn i det grove tømmeret. Statistikk ført ved sjølvsyn som var avgjerande for å drive fram hardføre avlingar og beitedyr i fjellbygda Lesja oppunder Norges tak. Snakk om historie som sit i veggane! Flott utsikt til fjellheim og kulturlandskap. Delt bad med naboen Himmelrommet.

Himmelsengrommet er toppa med herleg himmelseng – og hems med ytterlegare to romslege enkeltsengar. Delt bad med «Det historiske rommet»

  • Norske himmelsenger var frå gamalt av inspirert av hollandske renessansesenger, med hjørnestolper som raga opp av senga og kronlister festa øvst på stolpene. Sengene fekk stor utbreiing sjølv på bygdene allereie på 1700-talet. Mange av desse sengene fekk forheng og vart nytta til stassenger i Noreg til langt ut på 1800-talet.
Oppredd himmelseng, klar for gjester hos Brendjordsbyen på Lesja.
Foto: Augeblikk studio

«Takk for koselig opphold, og ikke minst for spennende omvisning. Så herlig å se det spenstige arbeidet som er utført her, og på prosjektene som er så fint gjennomført. Kunne ikke hatt et bedre opphold, supert!»  

Lise og Hans Erik frå Bølandet

Bellestugu

Velkomen inn i ei annan tid – toppa med moderne komfort.