Om Brendjordsbyen

I århundrer har Brendjordsbyen bydd fastbuande og langvegsfarande frå alle himmelretningar mat og kvile i hjarta av fjellbygda Lesja. I dag er du velkomen til å vakne opp i unikt restaurerte og verneverdige tømmerhus i hjarta av levande kulturlandskap, fjellheim og gardsdrift – og fersk bakst frå vedfyrt steinomn i fjøset.

 

Familien ønskjer deg velkomen på Brendjordgard.

Vertskapet

I Brendjordsbyen blir du ynskt velkomen av Kjersti og Tronn. 24 år unge og utan bekymringar kjøpte dei i 2002 eit gardstun frå 1700-talet med sju tømmerhus i fritt forfall.

To tiår seinare har ekteparet pussa opp det meste av stokk og stein, reist ytterlegare eit historisk våningshus og eit stort fjøs på garden – samt blitt foreldre til Olav, Iver August og Lars. Best av alt: Alle saman ynskjer dei deg velkomen til gards!

Historiske Brendjordsbyen

– Å gå inn i tunet var som å komme til ei anna tid. Det var så roleg og fredeleg, minnest Kjersti Åvangen Flittie om hennar fyrste møte med Brendjord.

Forfallet var det unge paret blinde for attende i 2002.

Heldigvis kjende dei andre som såg moglegheitane. Ein av studiekameratene til Tronn som sjølv var frå ein gamal gard, tok turen til Lesja sammen med sin far for å sjå på prosjektet.

– Han sa at dette var unikt. Noko vi var nødt til å ta vare på, fortel Tronn.

I løpet av dei to tiåra som er gått har dei restaurert og sett i stand våningshus, eldhus, låve, stall og fjøs på eigen grunn. Samt eit stabbur og steinfjøset med låve som har tilhørt naboen. Frå gamalt av sto det 30 hus i Brendjordsbyen. Etter at paret fekk kjøpt nabofjøset og grunnen det sto på er store delar av det som i fleire hundre år var tre tun igjen samla til eitt autentisk klyngetun.

– Sjølv om det har budd folk her i hundrevis av år, føler vi at det er vårt. Vi forvalter Brendjord den tida vi er her.

I tunet på Brendjord er det funne ei manns- og ei kvinnegrav. Garden har spor attende til vikingtida. Ser du innom tunet, så deler vertsfamilien Flittie meir enn gjerne historia om Brendjordsbyen med deg.

Fire jenter på jentetur til Brendjordsbyen på Lesja. Foto: Augeblikk Studio

Rykende ferske brød bakt i steinovn hos Brendjordsbyen på Lesja. Foto: Kjersti Flittie

Kvile, bakst og selskap

Namnet gardshotell kjennest litt pretensiøst, men kring tunet på Brendjord finn du gardsovernatting utanom det vanlege på stabburet eller eit av dei andre verneverdige husa frå 1700- og 1800-talet. Om du er heldig toppa med fersk bakst frå steinomnen. Bed & Bakst er kan hende eit treffande namn?

Brendjordsbyen har i alt 20 senger, fordelt på 5 soverom og to historiske tømmerhus. Alle med sjølvhushald. Er du lysten på lokalmat frå øvste fjellhylle, tipsar vi gjerne om stuttreiste favorittar i norgestoppen.

Muren på det unike steinfjøset er verdt eit studie i seg sjølv. Trør du over dørstokken finn du selskapslokal for minnerike dagar og kveldar – samt steinomn fylt med bakst som toppar gardseventyret du står midt i.

Levande Lesja – og Brendjordsbyen

Fjellbygda Lesja finn du aller øvst oppunder himmelkvelven der Gudbrandsdalen og Romsdalen begge har sine kjelder. Ei lys levande landbruksbygd med stolte tradisjonar for stuttreist kvalitet på beite, grøde og brygg. Mellom dei århundregamle tømmerveggane i Brendjordsbyen vaknar du midt i hjarta av norsk landbruk og lokalmatproduksjon, og opplev korleis livet på garden pulserar kring tunet.

Tek du deg tid til å tusle rundt mellom århundregamle tømmerveggar og steinmurar, har du både små eventyr og historisk oppdagingsferd i vente. Her kan du lese soga ut av stokkar og stein, tjærebreidde bygningar og solide murar. Kan hende kjem eit kopplam deg i møte, brått freistar elva nedanfor garden til eit bad – eller ei linerle lyfter blikket ditt opp mot ein vakker treskurd.

Vil du ut på tur viser vi gjerne veg til små og store perler kring i bygda vår. I levande Lesja ventar eventyr til lands, vanns og i lufta med. Vil du vere med, så heng på!

Gammelt trevirke med svijernsignatur på Lesja. Foto: Kjersti Flittie

Springbrett for Norgeseventyret

Midt i fjellheimen – kloss på Fjord-Norge. Der har du Lesja og Brendjordsbyen. Dreg du sjumilsstøvlane på, vil du oppdage at nett her som ingen skulle tru at nokon kunne bu – ja, så bur vi midt i hjarta av mykje av det vakraste Noreg kan by på.

Frå tunet kan du på dagsturar fint nå både Nord-Europas høgste fjell, oppleve på verdas vakraste togtur, og miste munn og mæle av Norges fjordidyllar. Romsdalen, Dovrefjell, Galdhøpiggen, Trollveggen, Besseggen, Gudbrandsdalen, Rondane, Romsdalseggen og Jotunheimen – velg  fritt frå øvste fjellhylle og vakraste fjordidyll.

Gardseventyret kallar – kjem du?

Helsing Kjersti og Tronn

Brendjordsbyen

Velkomen inn i ei annan tid – toppa med moderne komfort.