Bakgrunnsbilde med tekst og illustrasjon av rosemaling.

I eventyrlege Brendjordsbyen på Lesja har vertsfamilien Flittie entusiastisk restaurert ti tømmerhus kring eit historisk gardstun. Krinsa av storslått fjellheim omfamnar freda stabbur gjestar fylde med opplevingar – og fersk bakst frå glødande steinomn.

Velkomen til gards og til bords.

Lyst og lunt soverom med oppredd dobbeltseng hos Brendjordsbyen på Lesja.

KVILE

Århundregamle tømmerveggar. Florlette dyner. Mjuke saueskinn. Lukta av grøderik fjellheim. I Brendjordsbyen treng du ikkje drøyme deg burt – du vaknar i draumen.

Tre damer på jentetur hos Brendjordsbyen på Lesja

EVENTYR

Midt i fjellheimen – tett på Fjord-Noreg. Frå Brendjordsbyen ligg både fjell og fjord stutt veg frå dørstokken – om du då ikkje vel å la humla suse med fersk bakst og ungane i leik på tunet.

Dekket til selskap hos Brensjordsbyen på Lesja

SELSKAP

Dåp, konfirmasjon, bryllup, jubileum og gravøl. Gjennom historia har Brendjordsbyen vore rame kring kvardag og høgtid for låg og høg.

Rykende ferske rundstykker bakt i steinovn hos Brendjordsbyen på Lesja.

GARDSBAKST

Ved. Mjøl. Vatn. Kjærleik. I Brendjordsbyen er vegen frå jord til bord så stutt at vi tek oss god tid til sjølve baksten. Du kjenner det på smaken.

OM OSS

Vertskapet Kjersti og Tronn måtte leggje seg med lue og vottar medan musefellene small: – Vi syntest vi hadde kjøpt draumestaden.

Les meir

OM OSS

Vertskapet Kjersti og Tronn måtte
leggje seg med lue og vottar medan
musefellene small: – Vi syntest vi
hadde kjøpt draumestaden.

Les meir