Gardsbakst frå glødande steinomn

Vi brenn for god bakst – og i Brendjordsbyen er vegen frå jord til bord så stutt at vi tek oss god tid til sjølve baksten. Du kjenner det på smaken.

 

Kjersti Åvangen Flittie har funne ingrediensene i framifrå bakst: Bjørkeved, mjøl, vatn og kjærleik. Foto Kari Utgaard.

Finnast betre start på dagen enn fersk bakst servert ute på tunet, krinsa av århundregamle tømmerveggar og gode vener?

Det er lite her i livet som slår smaken av godt brød. I Brendjordsbyen vil vi gjerne dele gleda over gode råvarar og handverk. Difor baker vi brød, boller og kanelsnurrar så ofte vi kan – i høgsesongen mest kvar dag.

Favorittar frå steinomnen:

  • Kanelsnurrar
  • Vaniljebolle
  • Byggbrød
  • Valnøttbrød
Bakst frå Brendjordsbyen får du og servert hjå gode naboar på Avdembue.
Foto: Edvard Kielland Mølmen