Stabburet
Staseleg laftebur i to etasjer reist av hardtarbeidande lesjingar på 1700-talet. Stabburet har pryda tunet på Brendjordsbyen sidan, og har status som verneverdig. Fullrestaurert til losji med moderne komfort i 2018.
Romfordeling og senger i Stabburet
Fyrste etasje:
Spisestue med kjøkenkrok. Kjøleskåp og steikeomn. Bad med dusj.
Andre etasje:
Soverom med dobbeltseng og fire enkeltsenger med 190 cm lengde. Dei fire enkeltsengene er bygd inn i veggen og særleg populære hos ungar.
Mellom etasjene i bygget går ei utvendig trapp. Leige av Stabburet gir eksklusiv tilgang til heile stabburet med totalt seks senger, kjøken, stue og bad.
Velkomen inn og opp!
2. etasje
Dobbeltseng og fire enkeltsenger.
Kjøkken
«Eit heilt utruleg koseleg stabbur som vi heilt tilfeldig snubla over på nett. Vi såg på bileta at det var koseleg her, men det tunet overgjekk alle forventningar. Krona på verket var å vakne opp til nybaka brød og ferske kanlesnurrar. Heilt nydeleg!»
Johanna, Hans, Christine og Lars Roar
Stabburet
Velkomen inn i ei annan tid – toppa med moderne komfort.