Gardsovernatting

Frå gamalt sto kring 30 hus tett i tett i det som på folkemunne blir kalla Brendjordsbyen. I århundrer var garden delt i tre einingar. No er store delar av det opprinnelege tunet samla og restaurert til ein unik overnattingsstad med 20 senger, selskapslokal og bakeri – eit heilt gardshotell om du vil.

Himmelsengrommet er toppa med hems med ytterlegare to romslege enkeltsengar.

Heilt attende til vikingtida har dei solide husa i Brendjordsbyen gitt ly og kvile for farande og fastbuande.

I dag kan du la angen av fjellbygd og tømmer frå 1700-talet hviske deg i søvn – og dufta av fersk omnsbakst vekke deg til nye eventyr.

På garden går kvardagen sin gang for to- og firbeinte medan du bur her. Kring tunet finn ungane leikne husdyr. Vil dykk på Norgesferie i fjell og fjord, kan du knapt sjekke inn meir sentralt.

Brendjordsbyen ligg aller øvst i Gudbrandsdalen og Romsdalen. Eit ypparleg utgangspunkt både for deg som treng ein plass å overnatte når du er på veg frå aust til vest, og for deg som er på
oppdagingsferd i Fjell- og Fjord-Noreg.

Bellestugu

Booking av Bellestugu gir eksklusiv tilgang til heile bygget for inntil 12 gjestar fordelt på fire soverom, 12 senger og tre bad.

Stabburet
Stabburet har status som verneverdig, og vart restaurert til historisk losji med moderne komfort i 2018.

gardsbakst

Ved. Mjøl. Vatn. Kjærleik.