Opplevingar

I Brendjordsbyen står opplevingane i kø anten du går for steinrøysa, strandsona eller ein kanelsnurr på stabburstråppa. På tunet startar du dagen midt i fjellheimen og kloss på Fjord-Noreg. Fritt val av eventyr frå øvste hylle.

Mann i klatreparken på Lesja. Foto: Fjell/Martin Amble Ruge

Ynskjer du rolege dagar i fjellheimen, finn du all idyll du måtte ynskje kring tunet i Brendjordsbyen. Vil du ut på oppdagingstur, kunne du knapt vald deg eit betre utgangspunkt. I vest ligg Romsdalen, i aust Gudbrandsdalen og over det heile kneisar nokre av Norges vakraste fjell – toppa av nasjonalfjellet Snøhetta. Høyrde vi Norgesferie?

Eventyr i fjell og fjord

Våre favorittar til dagsaktiviteter i nærområdet:

To kvinner ser på nyplukkede blomster på et fat. Foto: Augeblikk Studio

Eventyr på og kring gardstunet

Ynskjer du rolege dagar i fjellheimen,
finn du all idyll du måtte ynskje kring tunet
i Brendjordsbyen.

  • Sykkeltur – hjul til leige på garden
  • Fisketur i Lågen – eller kan hende vil du freiste badetemperaturen?
  • Leik og lær med dyra på garden
  • Gå på oppdagingstur i kulturarv og århundregamle tømmerhus
  • Rusletur grendelangs til Avdemsbue
  • Nyt ein fersk kanelsnurr frå steinomnen i Steinfjoset
  • Bind deg ein blomekrans og la humla suse

Stabburet

Velkomen inn i ei annan tid – toppa med moderne komfort.